Årets Avløysar i heilt ny «drakt»

Då har vi gleda av å presentere kåring av Årets Avløysar i heilt ny «drakt». Kåringa i 2020 er lagt opp til at alt vil skje via nettet. Det vil seia at alle kan nominera kandidatar så lenge vedkommande tilfredsstiller krav til nominasjon. For at Årets Avløysar 2020 skal verte ein suksess må alle bidra med å spreie bodskapen, dette er eigentleg veldig enkelt sidan det her gjeld å publisere og dele innlegg via sosiale medier og heimesider.
Kritreriane er som tidlegare, men vi gjentek dei her:

Kandidaten må:

  • vere tilsett i eit avløysarlag/landbrukstenester som er medlem i Norske Landbrukstenester.
  • ha arbeidd i minst 60% stilling som avløysar/landbruksvikar i minimum 5 år.
  • vera ein god ambassadør for yrket, både internt og eksternt.
  • kunne arbeida sjølvstendig, ta ansvar og ha ei positiv haldning til yrket og landbruket generelt.

Slik vil kåringa føregå:

  • Nominasjonsrunde vert avslutta 31. juli.
  • Fylkeskåring frå 17. august til 6. september.
    • Alle som vart nominert på skal no stemmast på pr fylke. Dette skjer på internett.
  • Hovedkåring 10. september til 18. oktober.
    • Blant fylkesvinnarane skal ein stemme fram Årets Avløysar 2020 på landsbasis. (Dei fylkesvinnarane som ikkje vert Årets Avløysar 2020 vil få tildelt klokke og diplom, dette vert sendt til vedkommande sin arbeidsgjevar og utdelinga skjer lokalt).
  • Premieutdeling for Årets Avløysar skjer på Haustsamling 2020.
    • Premien til Årets Avløysar 2020, forutan diplom og klokke, er eit reisegåvekort på heile 20000,-

Lenke til kampanjen

Klikk her for å kome til kampanjen og nominasjonsskjema

Vi håpar dette skal løfte Årets Avløysar til nye høgder og nå ein publisitet som våre dyktige avløysarar fortener. For å klare dette er vi avhengig av at alle bidreg med å spre dette i alle kanalar.

Vi gjer merksam på at det kan førekome justeringar av datoar under kampanjen.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *